Er det greit å manipulere bilete?

by Judith Sørhus Litlehamar - journalist on mai 16, 2012

Er det greit for ein avisredaksjon å manipulere eit bilete utan å oppgi at det er ein fotomontasje? Svaret på det er enkelt og greit nei.

Setesdølen hadde i sist utgåve eit oppslag på framsida om ein gjeng med traktorentusiastar som skulle til Danmark med traktorar frå 50-talet. Redaksjonen klarte ikkje å finne eit passande bilete innan deadline, difor kom ideen om å lage eit bilete som passa. Dei tok eit bilete av ein traktor frå den rette epoken og plasserte eit av intervjuobjekta inn i bildet. Resultatet vart diverre både lite vellukka og tildels pinleg.

– Useriøst og klønete, kallar  Førsteamanuensis Erling Sivertsen ved Høgskulen i Volda til journalisten.no

Men kvifor er ikkje dette ein grei måte å illustrere saka på?

Avisa Setesdølen skal spegle samfunnet i Setesdalen på ein så objektiv og balansert måte som mogleg. Tekst og bilete skal høyre saman og ikkje gi eit feilaktig bilete av røynda. Då kan ein ikkje skape nye bilete, iallefall ikkje utan å seie kva det er, nettopp ein montasje. Eit bilete som ikkje er ekte.

Rett nok var nok få lesarar i tvil om at dette var eit manipulert bilete, og ikkje eit ekte. Likevel, og kanskje desto meir, framstår no avisframsida som useriøst og ber preg av redaksjonelle grep ein helst ser i russeaviser og skuleaviser.

– Eg trur avisa ville tent på å kutte heile oppslaget viss dei ikkje har andre måtar å gjere det på. Det tappar tilliten til avisa, seier høgskulelektor Bernt Eide ved Høgskolen i Oslo og Akershus.

Det skal uansett mykje til for at eit manipulert bilete er betre på trykk enn eit illustrasjonsbilete, sjølv om dei ofte også kan bli lite interessante. Skal me halde på tilliten til lesarane må me iallefall gi dei eit så ekte bilete av røynda som me klarer.

Fri programvare – eit rimeleg og klokt val

by Toyni Tobekk - web on april 26, 2012

Joomla er fri programvare.

Joomla er fri programvare.

Viss du har fått ei nettside levert frå oss, så er den mest sannsynleg knytt til publiseringsløysinga Joomla. Joomla er verktøyet du bruker for å oppdatere nettsida di.

Joomla er fri programvare, på same måte som Open Office, Linux, Word Press og mykje, mykje meir. Fri programvare betyr at alle brukarane av det har same rett til å bruke, endre og redistribuere det. I praksis betyr det som regel at programmet er gratis å laste ned og bruke, og det følgjer ingen pålagte avgifter med.

Då spør du deg kanskje kva i all verda det er du betalar oss for, viss Joomla er gratis. Kort sagt betalar du for at vi installerer Joomla hjå deg, får det til å virke, installerer den norske språkversjonen for deg og legg på glasuren – dvs. designen i form av ein designmal vi tilpassar deg og din grafiske profil. I prinsippet er du fri til å gjere alt dette sjølv, viss du føler deg kompetent til det. Vi, og mange med oss, tilbyr òg sikkerheitsoppdateringar med ei årleg avgift, men dette er frivillig. Viss du ønskjer det, kan du finne ut korleis det fungerer og gjere det sjølv. Mange web-byrå lever av å tilby sine kundar fri programvare som kunden då i praksis eig når dei har fått det installert.

Kva vil det så seie at du eig programvara di? Viss du er eit lite enkelmannsføretak så betyr det i all hovudsak at du slepp lisensavgifter på programmet. Elles har det lite å bety. Men for ein større organisasjon eller ein kommune kan det få mange kjekke praktiske konsekvensar.

Denne veka kunne til dømes Kongsberg kommune fortelje tilhøyrarane på Friprogkonferansen GoOpen korleis dei hadde fått utvikla eit system for å handtere kurs innad i organisasjonen, og systemet var basert på fri programvare. Dette fungerte så bra, at dei no har tilbydt dette systemet til andre kommunar. Eit av dei viktigaste prinsippa i delings-samfunnet er at det du sjølv tar i bruk, skal du også dele vidare med andre på same vilkår. Det vil seie at viss ein kommune tar i bruk Kongsberg kommune sitt system, så står dei fritt til å vidareutvikle det og dele vidare til andre. For kommune-Noreg sin del kan bruk av fri programvare og deling bety at ein sparar både pengar og personale.

Det Digitale Vestre-Agder er eit døme på det. Her har 12 kommunar gått saman om å utvikle eit felles websystem for dei kommunale heimesidene. Dei ønskte å bruke fri programvare, og valet fall på Joomla. Etter eit hektisk halvår i fjor var dei 11 første sidene oppe og gjekk i juli 2011. Her finn ein postlister, kalendrar, tilsett-lister, intranett for tilsette og alle slike funksjonar ein kan forvente å finne på ein kommunal nettstad. Kommunane betalar ikkje årlege avgifter for å bruke Joomla, slik ein ville gjort viss ein kjøpte proprietær (lukka) programvare. Lukka programvare vil altså seie programvare som nokon har utvikla og eig, og som du kan leige retten til å bruke for ei fast årleg avgift, ofte basert på kor mange brukarar som skal ha tilgang til programmet.

Friprogsenteret er eit uavhengig, statleg finansiert kompetansesenter for fri programvare. Dette seier dei om bruk av fri programvare:

” Fri programvare er som all annen programvare. Det er ingenting ved programvaren som er annerledes. Det eneste som skiller fri programvare fra annen programvare, er at man får mer frihet i forhold hva man kan gjøre med den.”

 

 

 

Kjenner du målgruppa di?

by Judith Sørhus Litlehamar - journalist on april 20, 2012

Bilde frå Icon-finder

Veit du kven du vil nå med bodskapen din? Kven er lesaren av brosyren din? Av profilmagasinet ditt ? Kven snakkar du til på Facebook, eller Twitter?

Det er viktig å finne ut kven mottakaren er, ofte kan det føre til at bedrifta di blir meir bevisst på kva den ynskjer å formidle, og ikkje minst i kva form ein ynskjer å gjere det. Kunnskap om mottakaren gjer det enklare å forme informasjonen som skal ut.

Har du nokon gong tenkt på at det ofte kan vere nyttig å nå andre enn sjølve målgruppa di? Kanskje er det nokre som kan påvirke kundene dine og lesarane dine til å gjere det du ynskjer dei skal, om det er å endre livsstilen eller kjøpe eit bestemt produkt.

Somme gonger kan det med andre ord lønne seg å tenkje annleis. Men det krever og kunnskap om målgruppa. Då må du vite kven som står målgruppa så nær at dei kan påvirke – og hjelpe kampanjen din fram til fleire. Me snakkar om to grupper, ,målgruppe og mottakargruppe. Ofte er målgruppa ein del av mottakargruppa, andre gonger er det omvendt.

Nettstaden kommunikasjon.no skriv at det ikkje er tilfeldig at ein har sett tilfelle av antirøyke-kampanje retta mot barn og unge, i mange av desse tilfella var det foreldra som var målgruppa, men barna var mottakarar. Dei gjekk nemleg heim og påverka foreldra, og dermed forsterka dei bodskapen og kampanjen. Det er noko å tenkje på.

Og kva med informasjonen di bedrift sender ut til andre bedrifter? Kan det av og til lønne seg å sende brosyren din til husstandar i staden for berre bedrifter? Det er privatpersonar som jobbar og leiar bedrifter og organisasjonar. Og klarer du å skape debatt rundt middagsbordet har du truleg forsterka både bodskapen og kampanjen din.

 

På tide med vårreingjering

by Toyni Tobekk - web on april 13, 2012

Illustrasjon: Michelle Kirkbride/Iconfinder.net

Akkurat som huset, bilen eller kontoret ditt, så treng nettsida di å få rydda i krokane og lufta ut støvet i blant. Innhald aukar i omfang og blir utdatert, lenker blir brotne, bildet av dagleg leiar var sikkert fint då det vart lagt inn i 2009 – men no har ho gjerne skifta sveis og kanskje også fått nytt mobilnummer.

Det blir slik med ei nettside når den har vore i bruk nokre år, det ballar på seg og ein har gjerne ikkje brukt alt for mykje tid på å rydde undervegs. Litt som kottet heime, vi kjem ikkje så langt at vi tar dei små ryddeøktene undervegs, men mannar oss opp og tar eit dualeg tak med ujamne mellomrom.

Webredaktørar på store innhaldstunge nettstader har som ein del av sine faste oppgåver å rydde, arkivere og oppdatere innhald årleg. På mindre nettstader har ein ikkje alltid ein eigen webredaktør tilsett, men må ta ting sjølv når det passar. Eg vil våge å påstå at både brukarane våre, og Google som skal finne oss at i søka sine, er svært avhengige av at vi ryddar og held orden på nettstaden vår. Det skal ikkje alltid så mykje til:

  • Frisk opp innhaldet: Er innhaldet ditt nytt, oppdatert og korrekt? Har det begynt nye folk, eller har nokon hjå deg slutta, kan du kanskje sjekke at kontaktinformasjonen for firmaet er rett. Stemmer telefonnummer, e-postadresser og fakta om firma? Oppdater informasjonen din og arkiver eller hiv gamle nyhende og innhald som ikkje lenger er aktuelt.
  • Visuell oppfrisking: Bilda på nettsida di, er dei fine, nye og er dei like breie? For at sidene dine skal framstå som oppdaterte, bør bilda vere av nyare dato. For at sida skal framstå som ryddig, bør bilde på same side vere av same storleik, i alle fall viss du har fleire bilde under kvarandre eller ved sida av kvarandre.
  • God meny: Fungerer menyen din? Tenk deg at du er ein kunde som ikkje kjenner nettsida di frå før, eller spør ein i nabokontoret: Finn dei fram til det dei treng med færrast mulege klikk?
  • Brotne lenker: Brotne lenker er lenker som ikkje leier nokon plass. Dei gjer brukaren fortvila, fordi han ikkje finn det han leiter etter. Og dei forvirrar Google og forkludrar søket deira. Her kan du sjekke om det finst brotne lenker på nettstaden din: http://validator.w3.org/checklink

No har nettstaden din fått ei lita vitalisering. Godt jobba!

Nyhende på papir, snart historie?

by Judith Sørhus Litlehamar - journalist on mars 30, 2012

Du som lesar krev meir av nyhendejournalistikken enn du gjorde for nokre få år sidan. I dag vil du ikkje vente til i morgon før du les om ei ulykke, ein brann eller ein avgått statsråd. Du vil vite det no. Du vil med nokre få klikk på mobilen eller laptoppen sikre deg informasjonen. Og du veit at det gjer nesten alle andre og, det er få, om ingen, som ventar til Dagsrevyen på kvelden, eller papiravisa neste morgon for å lese siste nytt.

Nationen er ei såkalla meiningsberande avis, som ikkje er blitt råka i den grad som den daglege tabloidpressa er blitt av nedgang i opplagstala. Likevel er det Nationen som no vurderer å legge ned heile papiravisa, og gå fullt og heilt over til nett.

- Me ser på lesemønsteret for norske aviser at me har ei kontinuerlig utvikling over til digitale plattformer. Nationen har hatt ein nedgang i papiropplaget dei siste åra, men ei stor auke på nett. I fjor hadde me ei auke på 20 prosent på nett, noko som er dobbelt av kva me ser elles i marknaden, seier sjefsredaktør, Mari Velsand, til Kampanje. 

Men her snakkar ein om den daglege nyhendejournalistikken. Lesaren har betrakteleg meir lyst til å lese større reportasjar, portrett, bakgrunnstoff og helgestoff på papir enn på nett. Når helga kjem er dei større helgeavisene og magasina velkomne både på kjøkkenbordet og i sofakroken. Det handlar om å skape eit produkt lesaren vil ha, og eit produkt som blir lest. Det er det viktigaste, kva plattform ein er på er mindre viktig.

Då var det også på sin plass vil mange meine med ei modernisering av pressestøtta. I kulturminister Anniken Huitfeldt (Ap) sitt forslag er pressestøtta gjort om til plattformnøytral mediestøtte. Noko som truleg er lurt for å sikre innovasjon og utvikling.

Dermed kan den daglege papiravisa til Nationen vere historie dersom den nye mediestøtta blir innført. Kjem du som lesar til å sakne den?

Har du ein plan?

by Judith Sørhus Litlehamar - journalist on mars 22, 2012

Foto: Stockxhange

Foto: Stockxhange

Av og til er det godt med ein plan.  At ein veit korleis ein skal kome i mål, korleis ein skal få resultat eller i det minste at ein veit kva veg ein vil gå. Det treng ikkje alltid vere så store planar, eller så vidløftige ord for at dei skal fungere.

Eg er av typen som må ha handleliste, elles kjem eg heim med alt eg ikkje skal ha og ingenting av det kjøleskåpet eigentleg skreik etter. Men etter å ha vore student nokre år har eg lært meg ein studiemetode som også virkar på butikken. Eg tenkjer i tal. Skal eg ha fem varer, ja, så held det å hugse talet fem, klarer eg det vil som ofast dei fem varene dukke opp i hovudet nett i tide til at dei blir med heim. Uansett – det er ein form for ein plan.

Handlelista i butikken kan du overføre direkte til kommunikasjonsverda. Bedrifta di treng ein kommunikasjonsplan for å vite kva dei skal kjøpe, kva dei skal fortelje, kor dei skal seie det og når det passar best å gå ut med informasjonen. Skal ein hauste produkt av ein langsiktig kommunikasjonsplan kan ein ikkje berre arbeide etter innfalls-metoden.

Kva tenkjer du som bedriftsleiar når nokon ringer og vil selje deg ei annonse? Tar du stilling til om det er ein god plass å annonsere der og då, og så legg du det vekk? Somme gonger må ein sjølvsagt gjere det, somme gonger må ein berre hive seg rundt når den gode sjansen stryk forbi. Men ofte kan det vere lurt å tenkje seg om på forhand, kanskje gå ein runde i året, eller i halvåret, og lage seg ein plan over kor mykje ein skal annonsere for, og kor ein ynskjer å gjere det.

Og det handlar ikkje berre om annonsar, det handlar om sosiale medium, grafisk materiell, pressearbeid, kva forum ein er synleg i osv. Få det ned på papiret – lag ein plan.

Det er ikkje tilfeldig at kronprinsparet har tilsett ein eigen ekspert på sosiale medium. Dei har tydelegvis ein plan på kommunikasjonsarbeidet sitt – dei ynskjer å setje innsatsen og informasjonen i system. Og det fungerer. Det vakte oppsikt på Twitter då Kronprinsesse Mette – Marit lanserte sin eigen konto. I dag har ho omlag 41.000 følgjarar og twitrar om alt frå utenriksspørsmål til at prinsesse Ingrid Alexandra feirar bursdag. Ho snakkar med andre ord med folk der dei er. Det er ein plan som fugnerer.

 

Klarer du deg utan sosiale medium?

by Judith Sørhus Litlehamar - journalist on mars 16, 2012

Bilde: Iconfinder.netRådgiver Joachim Westher Andersen fra Nucleus har prøvd å overleve ei veke utan Twitter og Facebook. På kampanje.com kallar han det ei helvetesveke. Kor lenge klarer du deg utan sosiale medium? Endå verre utan mobil eller epost?

Eksperimentet til Andersen starta med ein lunsj på jobb der det blei diskutert korleis dei sosiale mediuma påverkar oss. I bakhovudet hadde han nyhende som at 70 prosent av alle nordmenn som brukar nettet sjekkar Facebook kvar veke, og påstanden om at sosiale medium var vanskelegare å motstå enn både røyk og alkohol. Resultatet vart ei veke fri for sosiale medium.

Det er vel ikkje å overdrive dersom ein påstår at Andersen ville gå på veggen meir enn ein gong i løpet av den veka. Etterkvart kom kjensla av å stå på utsida av alt saman, ikkje kunne han kommentere noko han såg på TV,  og til tider følte han seg nesten venneløs.

Men så oppdaga han noko anna. Nemleg at til og med godt vaksne personar oppførte seg både uhøfleg og iallefall usosialt når dei brukte sosiale medium. Når han vart sitjande ved sida av ei dame på kino som var langt inne i ein Facebook-chat vart det vel igrunn nok. Og sjølv om saknet absolutt var der, så oppdaga Andersen at han brukte tida til andre og kanskje like viktige ting. Han fekk lese ei bok han ikkje trur han hadde lese elles, og han vart meir sosial. Eit vellukka eksperiement? Ja, vil dei fleste påstå.

Eg oppdaga artikkelen om Andersen tidlegare denne veka og gjekk laus på den med det størte overmot. Tenk at det finnes slike folk, tenkte eg, som brukar så mykje tid på å vere tilstades i sosiale medium og ikkje heller ute i den verkelege verda. Det gjekk lang tid før eg nervøst lente meg attende i stolen og byrja å tenkje på korleis det eigentleg sto til med meg.

I veka som har gått har eg leita etter gode tips, lagt ut interessante lenker og diskutert kvardagslukke og kva eigenskapar ein god leiar bør ha på Twitter. På Facebook har eg lagt til tre venner, planlagt påskepub, diskutert at byråkratane i staten er for dårlege i sosiale medium og gratulert fire venner med bursdagen. For å nevne noko.

Ville eg ha sakna det? Ja, uten tvil.  Men langt viktigare: kunne eg klart meg utan? Etter ein lang tenkepause er det herleg å framleis kunne slå fast, at jo, det trur eg faktisk. Men eg tippar det er fleire enn meg som får ein tankevekkar av Andersen sin kommentar.

 

 

Få fleire følgjarar på Facebook

by Toyni Tobekk - web on februar 27, 2012

Facebook like

Korleis får eg fleire til å følgje meg på Facebook? Det er eit spørsmål vi ofte får når vi snakkar med folk om bruk av sosiale medium i nærings- og organisasjonsliv. Foto: Johannes Fuchs, med cc-lisens

90% av dei som følgjer deg på facebooksida di kjem truleg ikkje tilbake.

… og hald på dei!

Alle som har ei facebookside vil ha mange følgjarar. Sjølvsagt vil vi det, jo fleire som ser det vi skriv og deler, jo fleire kan vere med og like og spreie.

Det finst mange oppskrifter på korleis du skal få fleire til å følgje deg, og mange av dei verker viss ein berre legg inn litt arbeid og omtanke i det ein gjer.

Vi vil likevel påstå at det viktigaste ikkje er korleis ein skal få fleire følgjarar, men korleis ein skal halde på dei ein får og få mest muleg ut av relasjonen med dei.

90% av dei som legg seg til på ei facebookside oppsøker ho nemleg ikkje igjen, ifølgje sosiale medium-guru Mari Smith. Og det er ganske dramatisk. Berre 1 av 10 er så interesserte i det dei trykkjer ”Likar” på at dei faktisk bryr seg om å kome tilbake. Kvifor desse 10 prosentane kjem tilbake, finst det nok ulike grunnar til. Har du gode konkurransar ofte så kjem nok følgjarane dine tilbake i langt større grad enn om du berre har ei statisk facebookside prega av automatiserte oppdateringar. Som alltid når det gjeld relasjonar er du nødt til å gje følgjarane dine noko av verdi, elles held dei ikkje ut med deg særleg lenge.

Det som betyr noko i det lange løp, er om dei som følgjer sidene våre engasjerer seg i det som skjer. Deler og kommenterer dei innhaldet vårt, eller registrerer dei berre så vidt at vi er der? Vi veit jo kor fort ting forsvinn i nyhendestraumen på Facebook, det eg legg ut no er forsvunne for deg seinare på dagen. Det riktige gullet på Facebook ligg altså i at dei som følgjer oss snakkar med oss og om oss og er med og deler det vi legg ut. Lojale og engasjerte følgjarar, det vil vi ha. Kvaliteten på brukarane bør vere viktigare for oss enn kvantiteten. Men sjølvsagt er det greitt å ønskje seg mange – kven gjer ikkje det?

Utfordringa for deg som ønskjer å få meir ut av facebooksida di er altså å finne svaret på desse to spørsmåla: Korleis skal eg få fleire til å følgje meg på Facebook, og korleis skal eg halde følgjarane mine engasjerte og lojale?

Medan du grublar på det kan du kanskje lese denne bloggposten, om firmaet som sette seg som mål å få 50 000 følgjarar med minimal bruk av tid og pengar, som dei sjølve sa det. Dei greidde det – på eitt år – og her kan du lese om korleis det gjekk til.

Skakkesenteret i Etne – eit praktbygg og storstove for Etnebuen

by Bente Kjos-Wenjum - dagleg leiar on februar 16, 2012

Skakkesenteret - senter for  skule, idrett og kultur - i Etne er no offisielt opna. Norsk Plan gratulerer med det flotte bygget og takkar for oppdraget med å utvikle den grafiske profilen. Det gler oss å sjå at profilen no syner igjen både utvendig og innvendig i sjølve bygget og i interiøret.

Oppdragsgjevarane i Etne var bevisste på at den grafiske profilen skulle liggje i botn heilt frå starten av, då det skulle gjerast ein omfattande jobb med å skape entusiasme og begeistring for prosjektet, både hjå sponsorar, bidragsytarar og Etnebuen generelt.  Den grafiske profilen har blitt brukt bevisst i omdømmebygginga; på T-skjorter, i brosjyrar og annonser, på nettsida, i presentasjonar m.m., og har bidrege til at prosjektet har vore lett å kjenne igjen.

Utarbeiding av grafisk profil
Å utarbeide ein grafisk profil inneber at vi gjennom bilde og tekst lagar ei felles visuell utforming for bedrifta eller organisasjonen.  Arbeidet inneber val av fargar, fontar, tekst og logobruk, og sluttresultatet – den grafiske profilen – inneheld ein designmal som viser korleis det grafiske uttrykket skal brukast i ulike produkt, for eksempel  annonser, webside, visittkort, og kundemagasin.

Dersom den grafiske profilen ligg i botnen, som eit fundament,  vert det enklare å utvikle nye produkt, og bedrifta vil framstå med ein tydleg profil som er lett å kjenne igjen.

Gjennom god design kan du skaffe deg eit konkurransefortrinn!


Får ringverknader for lokalt næringsliv

by Elin Moen Karlsen - journalist on februar 7, 2012

Ritlandskrateret i Hjelmeland kjem til å få ringverknader både for næringslivet lokalt i Hjelmeland, men også for næringslivet i Ryfylke, trur prosjektleiar Linda Liem.

NATUR OG NÆRINGSLIV: Ritlandskrateret i Hjelmelandsheia kan få positive ringverknader for næringslivet i Ryfylke-regionen, meiner prosjektleiaren. (Foto: Knut S. Vindfallet)

 

 

 

 

 

 

Allereie har prosjektet Ritlandskrateret gitt arbeid for lokalt næringsliv. Kommunikasjonsbedrifta Norsk Plan i Suldal skal utarbeide grafisk profil, nettside og informasjonsmateriell for prosjektet.

– Vi trengte ei bedrift som dreiv med kommunikasjon, og då var det naturleg for oss å velje ei bedrift frå regionen, slår prosjektleiar i Hjelmeland Vekst, Linda Liem, fast.

– Vi er medvitne på at det er viktig å bruke dei regionale ressursane som finst i Ryfylke, held ho fram.

– Eg ser fram til å ta fatt på den utfordrande oppgåva med å synleggjera eit stykke spennande Ryfylkehistorie, seier grafisk formgjevar Astrid Eidhammer Hjelmeland i Norsk Plan, som skal leie utviklinga med den grafiske profilen.

Unikt område
For mellom 500 og 600 millionar år sidan trefte ein meteor med ein diameter på rundt 100 meter jordoverflata i Hjelmelandsheia med ein fart på rundt 25 kilometer i sekundet. Meteoren laga eit krater som var 2500 meter breidt og 350 meter djupt. Hjelmelandsprisvinnar og geolog Fridtjof Riis oppdaga krateret for første gong i 1985, og har sidan jobba med å få verifisere krateret som eit meteorittnedslag, noko han lukkast med i 2009. Slike meteorkratere er det bare tre av i Noreg og 175 i verda.

Prosjektet Ritlandskrateret varer i første omgang fram til sommaren 2013. Fram til då skal prosjektleiar Linda Liem, i samarbeid med fleire, mellom anna, Statens Naturoppsyn, Fylkesmannen i Rogaland, Stavanger Turistforening, Hjelmeland kommune, grunneigarar og lokalt næringsliv, prøve å lage ein langsiktig plan for kva som skal gjerast i området.

– Vi satsar på å ha nettsida og brosjyrene klare nå til sommaren. Dette er eit område som mange allereie nyttar, men vi må fortelje dei historia som gjer området så spennande og interessant, seier Liem.

Tilgjengeleg
Ritlandskrateret ligg rundt 45 minutter til fots frå parkeringsplassen på Kleivaland, på veg opp mot turistforeiningshytta Melands Grøna Hei. Her er det både god sti og traktorveg å kome fram på.

Liem kan fortelje at det er tankar om eit besøkssenteret for Ritlandskrateret på Hjelmeland, og ho kan også fortelje at dei ønskjer lokale guidar som kan lose folk til og gjennom området. Dei har allereie blitt kontakta av lokale personar og bedrifter som ønskjer denne jobben. I dag finst det ei utstilling om krateret og området på Sande Næringsbygg på Hjelmeland.

– Vandrarpresten ved Ingebjørg Vik Laugaland, Reidunn Ferstad frå Trodla-Tysdal og spahotellet har vist interesse for å vere guidar for turar til Ritlandskrateret, fortel Liem.

Ho trur ikkje at Ritlandskrateret kjem til å bli like stort som Preikestolen, men trur området kan få stor betydning for Hjelmeland kommune.

– Ritlandkrateret og Preikestolen er to forskjellige naturattraksjonar i Ryfylke. Preikestolen er først og fremst ei spektakulær naturoppleving som trekkjer mange folk, medan Ritlandkrateret har ei spektalulær historie og er spesielt attraktiv for dei som ei interessert i natur og naturvitskap, slår Liem fast.